Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk
Holsundveien 866
5648 Holmefjord

Telefon: 56 58 29 71
Mobil: 481 44 537
Faks: 56 58 29 71

E-post: 
magnar.mosaker@bkkfiber.no 

Om tønnefabrikken    Produkt   |   Ta kontakt
                 
    Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk
 
Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk produserer tretønner av høg kvalitet til kunder i heile Norge.

Me leverer tretønner i mange storleikar. Hovudproduktet er tretønner til sukkersalting av torskerogn.

Tradisjonsrikt produkt

Produksjon av tretønner er eit svært gamalt handverk i Noreg. Handverket er ein viktig del av kystkulturen vår, og tretønna har vist seg levedyktig sjølv om noko av bruken har endra seg.

Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk held til på den gamle handelsstaden Holsund som ligg i Fusa kommune i Hordaland. Då fjorden var viktigaste ferdselsvegen, var Holsund ein sentral plass. Her var gjestgjevarstad alt i 1820 og handel frå 1857.

Tønnefabrikken blei etablert tidleg på 1900-talet. På den tida vart tretønnene nytta til emballasje for salting og krydring av sild m.m.

Miljøvenleg

Tre som emballasje har vore i bruk svært lenge. I furustaven er det antibakterielle stoff som gjer at han er godt eigna til å konservere kjøt, fisk, sild, rogn og anna.

Tretønnene blir produserte av norsk furustav av høg kvalitet. Staven er ein fornybar ressurs og inneheld ingen farlege gifter.
 

 

 

 

 

 

 

 

 


Magnar Mosaker eig og driv tønnefabrikken.

Bruksområde

Seinare har bruksområda for tretønner endra seg mykje. I dag brukar mange fiskebruk tretønner som emballasje for sukkersalting av torskerogn som seinare blir til kaviar. Tretønner gjev særs god kvalitet på rogna, hevdar brukarane.

Mange brukar tretønner til å samla søppel i. Dei vanlege plastsekkene passar fint inne i tønna. Tretønnene blir og brukte som "pynt" i kjellerstover, hytter og naust.

Blomestampar med utgongspunkt i tretønna er svært populære om våren og sommaren. Desse blir laga med galvaniserte jernband  som ikkje rustar, og kan leverast beisa, olja eller lakka etter kunden sitt ønske.

   
                   


 

 

 

 

 

 

 

 

 
  Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk, Holsundveien 866, 5648 Holmefjord.
Telefon: 56 58 29 71, Mobil: 481 44 537. E-post:
magnar.mosaker@bkkfiber.no